Seckou Keita m/gjester
Der alt starta: Seckou Keita tilbake i Førde!
Den internasjonale karrieren til korameisteren Seckou Keita starta i Førde. No kjem han tilbake.
I 1996 deltok den unge musikaren frå Senegal på Førdefestivalen sitt internasjonale talentprogram. Det var første gong han reiste ut av heimlandet og starten på ein internasjonal karriere. Til Førde kom han saman med onkelen sin, den legendariske koraspelaren Solo Cissokho.
Sidan den gong har Seckou Keita etablert seg som ein av dei mest markante koraspelarane i verda. Med koraen og dei 22 strengane hennar fører han vidare ein meir enn 700 år gammal musikalsk tradisjon, samstundes som han utviklar eit moderne og personleg uttrykk. På scena er han ein karismatisk formidlar som gir den vestafrikanske griot-tradisjonen nytt liv.
Konserten i Førde er ein del av Seckou Keita – 30 Years Anniversary Tour. I 2026 markerer han 30 år som artist, og det betyr mykje for han å vende tilbake til festivalen der den internasjonale reisa starta.
Med seg som gjestar har Seckou Keita ingen ringare enn den norske songaren Åsne Valland Nordli, som også var talentmusikar i 1996, og ngoni- og gitarmeisteren Olav Torget, som i mange år spelte med Solo Cissokho. Dette blir vakkert og emosjonelt, ikkje minst for musikarane som står på scena!

Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.