page view image

Sara Curruchich

Sara Curruchich kombinerer mayansk tradisjon, folkemusikk og rock i eit sterkt musikalsk uttrykk, med kaqchikel-språket i front og eit brennande engasjement for urfolksrettar.

Informasjon
event image

Sara Curruchich er ein energisk urfolksartist frå San Juan Comalapa i Guatemala. Ho kjempar for morsmålet sitt, kaqchikel, og er den første som brukar det frå ei scene utanfor Guatemala.


Som talsperson for He For She-rørsla, skapt av UN Women, har ho vorte ei tydeleg stemme i kampen for urfolksrettar og likestilling. Curruchich blandar tradisjonell mayansk musikk med folkemusikk og rock, og formidlar bodskap om kjærleik, medvit, respekt og forsvar av livet i alle sine former. 

Ho har på kort tid vorte ein etterspurd artist på den internasjonale verdsmusikkscena.



Alle med Festivalpass har fri entre til denne konserten.



konsert/dans

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.