Reolô @Larris
Med fleire instrument enn dei fleste og tekstar om prepping, ein saueflokk på full fart mot stupet og ein hard vår, serverer Reolô folkemusikk som slår gnistar av både fortid og samtid.
Informasjon

Fem sprelske multi-instrumentalistar med base i norsk folkemusikk boltrar seg med norsk slåttemusikk i møte med rocka groove og inspirasjon frå både Vest-Afrika og Amerika. Anders Røine, Hans og Rasmus Kjorstad og Hans Hulbækmo prøver å ta samtida på kornet med tekstar om prepping, ein saueflokk på full fart mot stupet og ein hard vår.
Reolô legg sjela si i feite rytmar, tett samspel og gammalmodig tonalitet – og får det til å låte heilt rått!
Restriksjoner
Dørene opnar kl. 20.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.