Selma & Ibou - PIKNIK-konsert

Arrangementsinformasjon

Dette er det einaste billetterte arrangementet Førdefestivalen arrangerer i årets festivalveke. For første gong arrangerer vi piknik-konsert, som betyr at her er du velkomen til å ta med mat og drikke. Vi riggar til med bord og stolar under takduken på Festplassen. Grunna koronasituasjonen har vi begrensa kapasiteten til maks. 100 personar på arrangementet. Vi oppfordrar til førehandstinging av billettar, men det vil også vere mogleg å kjøpe billett i døra dersom det er ledig kapasitet.

VIKTIG! Les meir informasjon om smittevern under. 

SELMA & IBOU

Duoen Selma & Ibou er eit vakkert og stemningsfullt møte mellom hardingfele og kora; mellom den norske folkemusikken og den senegalesiske. Røtene frå Vest-Afrika og Norge smeltar saman i strengeleik og vokal, og musikken vert nydeleg formidla med kjærleik av to musikarar som har fokus på møtet her og no. 


Begge desse musikarane skulle spelt på årets Førdefestival, men i ulike konstellasjonar. Det er den spesielle koronasituasjonen som gjer at du får høyre akkurat dei to i Førde denne laurdagen. 


Selma Bolstad har sine tradisjonar frå Valdres, og mest av alt gjennom faren, spelemannen Tore Bolstad. Ho har teke folkemusikkutdanning på musikkhøgskulen, og har markert seg som ein spennande og grenseoverskridande musikar og songar i fleire konstellasjonar. Mellom anna er ho sentral i gruppa Morgonrode, som tok heim Spellemannprisen 2019 i klassen tradisjon/folkemusikk, for plata Morgonrode.

Ibou Cissokho fører vidare dei stolte griottradisjonane etter faren sin, Solo Cissokho, og er ‘vaksen opp’ på ulike konsertscener i Vest-Afrika og Europa. Han spelar også i mange ulike konstellasjonar, og her i Førde kan oppleve han i ein annan duo, med Solo Diarra frå Burkina Faso, som torsdag 2. og fredag 3. juli poppar opp med konsertar her og der i Førde.

konsert

Restriksjoner

Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime.

Det er ikkje toalettfasilitetar på arenaen. Næraste toalett er i Førdehuset.

Grunna retningslinjer frå FHI må vi innhente namn og kontaktinfo til alle publikummarar. Informasjonen vil kun bli nytta til eventuell smittesporing og vil bli sletta 10 dagar etter arrangementet. Billetten din er personleg, du kan ikkje gi billetten din vidare til andre.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.