page view image

Parveen & Ilyas Khan @Jakob Sande-tunet

Indisk trad møter beatboxing

Informasjon
event image

Søskena Parveen og Ilyas Khan representerer ein ny generasjon musikarar frå den rike musikkarven i Rajasthan. Dei voks opp i Jaipur, og med røter i indisk klassisk musikk utforskar Parveen eit breitt spekter av songstilar – frå improvisasjon til sjeldne former som maand og populære ørkensongar.

Når Ilyas akkompagnerer på tabla og flettar inn beatboxing, byggjer han ei tydeleg bru mellom tusenårige tradisjonar og eit moderne uttrykk. Saman skaper dei ei smakfull blanding av indisk musikk og vestlege rytmar.



Sal av mat og drikke. 

Gratis buss til deg med konsertbillett frå Førdehuset, med retur etter konserten.



konsert/dans

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.