PANELDEBATT: Å DANSE STAUR - KVIFOR ER DET KONTROVERSIELT?

Arrangementsinformasjon

PANELDEBATT: Å DANSE STAUR - KVIFOR ER DET KONTROVERSIELT?

To menn og to kvinner dansar og leikar i Kartellet sitt univers. Eit univers av rå, folkeleg kraft, kombinert med tøvete leik og uventa kombinasjonar. Å danse staur eller å staure er eit nordnorsk uttrykk for å danse med nokon av same kjønn, menn eller kvinner. Dette var vanleg mellom anna under Lofotfisket der menn dansa med menn på lik linje med å spele kort, slåst og synge.

Vi inviterar til panel­debatt med Kartellet og andre om kjønnsnormer.

Utstillingssalen, Førdehuset.

Fri entrè

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.

kursogkonferanse

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.