page view image

Opningskonsert 2026

Festivalopninga – samla i éin konsert!

Informasjon
event image

Førdefestivalen er stolte over å invitere til 

Opningskonsert i Idrettshallen 

torsdag 2.juli kl. 20.00!


Opningskonserten i Idrettshallen er ein av dei store konsertane under Førdefestivalen. Her får publikum glimt og smakebitar av det festivalen har å by på – eit møte med fleire av artistane på årets program. 


Kinnaris Q, Amira Medunjanin og Rastak er blant artistane du møter på Opningskonserten, fleire namn blir annonserte fortløpande!


Programmet blir annonsert seinare, men billettsalet er i gang – sikre deg plass allereie no.


Hjarteleg velkommen!



  1. 💡 Til deg som kjøper ordinær vaksenbillett til Opningskonserten: Du får tilgang til eit kveldstilbod med rabatt på 'Natt på Teateret'!
  2. Promokoden ligg på billetten din – bruk den ved kjøp, så vert rabatten synleg i handlekorga.
konsert/dans

Restriksjoner

Dørene opnar klokka 19.15.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.