Opningskonsert 2025: Musikk og språk
Musikk og språk heng tett saman – dei skapar identitet, røter og samhald. Denne kvelden møter du artistar som held språket sitt levande gjennom musikken, med sterke historier og drivande gode tonar.

Førdefestivalen er stolte over å invitere til
Opningskonsert i Idrettshallen
torsdag 3.juli kl. 20.00!
Musikk og språk høyrer saman. Dei formidlar kjensler, identitet og det å høyre til. I kveld møter vi artistar som brukar musikk for å halde liv i språket sitt, anten det er eit minoritetsspråk eller eit morsmål langt heimanfrå.
Vi får oppleve musikk som eit universelt språk, som bind oss saman på tvers av alle grenser og barrierar: Kajsa Balto og Aleksander Sjølie, Trio da Kali, Ustad Noor Bakhsh, Goitse, Besh o droM, Hekate og Inger Hannisdal Ensemble.
Programleiar er ingen ringare enn radiostemma frå Førde, Ronny Brede Aase.
Hjarteleg velkommen!
Dørene opnar kl. 19.15. Kom i god tid så vi får smidig innslepp og kan starte presis.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.