page view image

Opningskonsert Førdefestivalen 2023 - DRAUMAR

Informasjon
event image

Førdefestivalen er stolte over å invitere til 

Opningskonsert i Idrettshallen torsdag 6.juli kl. 20.00!


Tema for Førdefestivalen 2023 er draumar.
– Gjennom musikken kan ein drøyme seg bort, og i musikken kan ein vere fri. Draumen om fridom er ei viktig drivkraft for fleire av artistane du får høyre på Førdefestivalen i sommar, sier Lien i pressemeldinga.

På scena får du møte fleire musikarar frå fjern og nær, blant anna:

- Johanna Juhola, eit finsk fyrverkeri med fantasi-tango 

- Leyla McCalla, amerikansk songar, multiinstrumentalist og komponist.

- Daniel Lazar, fiolinist frå Serbia. Ein av få fiolinistar som spelar i eit slags rumensk musikalsk tonespråk kalla Doina. På Opningskonserten har han med seg heile bandet frå tingingsverket "Phantasmagoria".

- Kader Tarhanine er den nye perla i moderne tuareg-musikk, og ein av dei mest populære artistane i Sahara-området. 

- Yungchen Lhamo, melodi-gudinna frå Tibet.

- Azada, studentar frå Afghanistan National Institute of Music.

- NMH Folk Big Band, studentar frå Norges Musikkhøyskole.

- Synnøve Brøndbo Plassen, allsidig folkemusikar med slåttetralling som spesialitet. 


Regi: Andreas Ljones.


Info om konferansier og innleiar kjem snart.


Hjarteleg velkommen!


Dørene opnar kl. 19.15. Kom i god tid så vi får smidig innslepp og kan starte presis.

konsert/dans

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.