OPNING AV FESTIVALUTSTILLING

Arrangementsinformasjon
Medi Farmani er ein av front­figurane i den Bergens­baserte gruppa Meelodi og årets festivalutstillar. Kunstnaren kjem frå Iran, der han fann sin store lidenskap i måling då han var 11 år. Farmani kom til Norge i 1994. Kontrast, djupne, balanse, lys og tålmod er ord han brukar for å skildre dei 10 måleria han stiller ut i Førde, bilde han har måla dei siste fem åra.

Fri entré.

Utfyllande informasjon og eventuelle endringar finn du på på fordefestival.no.                                              

    

anna

Restriksjoner

Alle publikummarar oppmodast om å halde seg heime om ein kjenner symptom på Covid-19.
Det same gjeld om ein er i karantene, eller av annan grunn kan utgjere ein smitterisiko for andre.
Førdefestivalen tek ytterlegare atterhald for nye påbod og restriksjonar frå kommunalt eller statleg hald.