Møt direktøren: Hilde Bjørkum om 29 års festivalarbeid - Fri entré

Arrangementsinformasjon

Møt artisten er ein programserie der publikum får komme tettare på utvalde festivalartistar gjennom intervju og samtalar. Dette er gratis-arrangement, og skjer i Utstillingssalen i Førdehuset.

Men i dag møter du sjølvaste festivaldirektøren, Hilde Bjørkum, som fortel om 29 års festivalarbeid!

Foto: Oddleiv Apneseth

Under festivalen fungerer Utstillingssalen som ein bokkafé. Her er du velkomen til å slå deg ned med ein kaffikopp om du vil lese litt i ei bok eller trekke deg litt tilbake i løpet av hektiske festivaldagar.