Møt artisten: Tim Cole & Bao Bao Chen frå "Small Island Big Song" - Fri entré

Arrangementsinformasjon

Møt artisten er ein programserie der publikum får komme tettare på utvalde festivalartistar gjennom intervju og samtalar. Dette er gratis-arrangement, og skjer i Utstillingssalen i Førdehuset.

I dag møter du Tim Cole og Bao Bao Chen frå "Small Island Big Song"-prosjektet.

Under festivalen fungerer Utstillingssalen som ein bokkafé. Her er du velkomen til å slå deg ned med ein kaffikopp om du vil lese litt i ei bok eller trekke deg litt tilbake i løpet av hektiske festivaldagar.