page view image

Møt artisten på Kardemomme: Elaha Soroor

Arrangementsinformasjon
event image

Utvalde festivalartistar i uformell samtale med musikkekspert Guttorm Andreasen

Gjest i dag: Afghanske Elaha Soroor

Dette arrangementet er gratis for alle.

Meir om artisten:

ELAHA SOROOR & KEFAYA - Afghanistan, UK

Songs Of Our Mothers

Musikaren, songaren og komponisten Elaha Soroor kjem frå Afghanistan, men er no busett i London. Både musikalsk og på andre område, er Soroor oppteken av kompleksiteten og nyansane i det internasjonale samfunnet. Ho utfordrar gjerne publikum både med musikken sin, og intellektuelt.

Elaha Soroor starta den musikalske karriera si som ein lidenskapleg songar i ei kvinnegruppe i Iran. Det var der ho første gong lærte om tradisjonsmusikken i midt-austen. I neste omgang byrja ho å studere den afghanske tradisjonsmusikken i Kabul i Afghanistan. I studietida, frå 2006-2008 var ho ein del av Det afghanske nasjonalorkesteret, og song i bandet Aryan. Dei hadde konsertar i fleire byar i Afghanistan. Elaha Soroor var ein av dei aller første kvinnelege musikarane som stod på scena etter Taliban sitt fall.

Ho vart kjend gjennom TV-programmet Afghan Star i 2008. I eit land kjend for å forfølgje kvinner og personar med frittalande syn på kvinner sine rettar, gjorde denne populariteten livet vanskeleg for henne, og ho vart nøydd til å flykte. Elaha Soroor har ein internasjonal karriere også innan klassisk song og teater. Ho er ein populær kurshaldar for born og vaksne, og har også engasjert seg i arbeid for flyktningar.

Songs Of Our Mothers
På si siste plate, ‘Songs Of Our Mothers’ (2019), samarbeider Elaha Soroor med det prisvinnande bandet Kefaya. Plata er ei samling afghanske folkesongar som i tradisjon har vorte overleverte frå mødre til døtre. Det musikalske møtet mellom dei tradisjonelle folketonane og det moderne musikkuttrykket til Kefaya, er ein dristig protest mot patriarkatet og ei gledens erklæring om motstandskraft og frigjering. Songs Of Our Mothers vart kåra til beste album i 2020 av Songlines Magazine, og fekk stor merksemd internasjonalt.

-Då eg kom til Storbritannia som flyktning ville eg bli integrert med folka som lever rundt meg, seier Soroor. -Dessverre, i verda sine auge, er Afghanistan sin identitet knytt til terrorisme, krig, Taliban og heimeverande kvinner utan utdanning som treng hjelp. Kefaya og eg har prøvd å finne fram til andre sider ved Afghanistan, andre historier, ein annan livsfilosofi, den rike kulturen, det vakre morsmålet mitt, farsi, og mangfaldet i musikken vår.

anna

Ansvarsfraskrivelse

Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.