Marja Mortensson - Jaevrie-gaske: Landet mellom to sjøar
Førdefestivalens første samiske tingingsverk – joik, språk og samspel med kraft.

Tingingsverk: Jaevrie-gaske - Landet mellom to sjøar
Marja Mortensson er fødd inn i ei reindrifsfamilie i Svahken Sïite reinbeitedistrikt i Hedmark. Livet hennar og musikken hennar er djupt rotfesta i den sør-samiske levemåten. Samisk identitet, det nære forholdet til naturen og kjærleiken til reindrift er tema som går igjen i songane hennar, og ho er oppteken av å verne og løfte fram det sør-samiske språket.
Marja har studert gamle opptak av tradisjonell joik og har sjølv lært seg den sørsamiske og umesamiske måten å joike på. I tillegg til joiken er ho opptatt av tekst, og mange av songane hennar handlar om det å stå i en arv som går langt tilbake i tid, men som likevel skal vidareutviklast i ei moderne verd.
Ho har fått kommentarar på at noko av musikken hennar høyrest ut som den kjem frå andre stader i verda, men det folk tykkjer høyrest arabisk eller orientalsk ut, er faktisk element som finst i dei mest typiske umesamiske melodiane.
I dag er Marja Mortensson ein av våre mest etterspurde og respekterte samiske artistar. Med sterke musikarar som Daniel Herskedal på tuba og basstrompet og Jakob Janssønn perkusjon i sin faste trio, har ho skapt eit intimt og særeige lydbilete som for lengst har gitt ho eit stort internasjonalt publikum.
Tingingsverket er støtta av Kulturrådet og Den norske Unesco-kommisjonen.
- Marja Mortensson – komposisjon, joik, song
- Daniel Herskedal – tuba, basstrompet
- Jakop Janssønn – perkusjon
- Kristian Olstad – gitar