Krasjkurs i Jølstraspringar - Gratis!

Arrangementsinformasjon
Default file 1521442704

Torsdag 5. juli kl. 18:00 – 19:00  Storsalen, Førdehuset

Krasjkurs i Jølstraspringar          FRI ENTRE!

Instruktørar: Brita og Gisle Jordanger Kirkeeide 

Her kan du kome utan verken pengar eller partnar - berre med danselyst og dansesko!

Så hiv deg med og lær nokre grunnleggande dansesteg og vendingar i Jølstraspringaren – dansen som målaren Nicolai Astrup har skildra i mange av måleria sine, og som han og kona Engel gjerne såg vart instruert i og dansa i heimen sin, Astruptunet.

Og nei – det er ikkje så vanskeleg – det er nok enklare enn du kanskje trur! Vi ynskjer at du skal få kjenne på dansegleda ved å bli med på dansegolvet under festivalen, og vi garanterer bruksverdi etter ein time med to av Jølster sine beste og blidaste dansarar – Brita og Gisle Jordanger Kirkeeide!

P.S. Det kan vel ikkje vere feil å kunne fortelje at «den dansen Astrup måla der, den kan eg faktisk danse!» 😉