Krasjkurs: Cubansk salsa

Arrangementsinformasjon
Default file 1521443080

Onsdag 4. juli kl. 19:30-20:30     Førdesalen,  Scandic Sunnfjord Hotel & Spa 

Krasjkurs i salsadans.                Fri entré for personar med billett til Son del Nene!      

Instruktørar: Astrid Stenhaug og Miriam Førde

Hiv deg uti det!  Salsa er gøy, sosialt og ikkje så vanskeleg som du kanskje trur.  Her får du hjelp til å få inn grunnleggande trinn og rørsler, så du vert klar for dansegolvet når Son del Nene spelar opp til dans på Larris scene same kveld! Astrid Stenhaug har 10 års røynsle som salsadansar og -instruktør, Miriam Førde har dansa sida ho var 10 år, er utdanna dansepedagog og har budd på Cuba – så du er i gode hender!  
Psst! Hugs å ta på gode dansesko då!