Klubb Komle + Gasper Nali
Musikk og dans i to etasjar – éin billett!
Klubb Komle fyller Larris Scene, medan Gasper Nali Band tek over biblioteket. Ein kveld med drivande rytmar, dans og rå speleglede.
🔊 På Larris Scene: Klubb Komle
Bergens eigen folkemusikk-nattklubb på turné i Førdefestivalen!
Klubb Komle serverer dansbar husmannskost i klubbformat – der folkemusikk, klubb og fest smeltar saman. Her er det rom for både fele og fotarbeid, og kvelden byggjer seg opp med tempo, energi og sving.
Med:
- Folkedansinstruksjon med Lars og Are
- Hraybird
- Folkesmusikkollektiv
- DJ RADSEN
🔥I biblioteket: Gasper Nali Band
For første gong i Noreg!
Gasper Nali er ein heilt unik artist frå Malawi, verdskjend for sin sjølvlaga babatoni – eit instrument som kombinerer bass, perkusjon og strengar. Med røter i Kwela-tradisjonen skaper han ein intens, drivande og hypnotisk lyd.
Sidan det virale gjennombrotet i 2015 har Gasper gjeve ut to kritikarroste album, turnert verda rundt og bygd ein global fanskare. No kjem han endeleg hit.
Gasper Nali – babatoni, vokal
Luhangah – perkusjon, vokal
Mattias Stålnacke – gitar
Éin billett gjeld for begge etasjane.
Gasper Nali
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.