Jubileumsfrukost - flytta til Idrettshallen
Førdefestivalen fyller 35 år – vi byr på frukost!
Informasjon

***Grunna dårleg vêr lyt vi flytte frukosten under tak - i Idrettshallen, Førdehuset***
Vi feirar 35 år med ein ekte bursdagsfrukost!
Det blir mini-konsertar, gratis drakeverkstad og andre kjekke aktivitetar for store og små.
Saman med kokkane i NKL riggar vi langbord, benkar og matbuffear.
Frukosten er ei gåve til publikum og alle i Førde, så det kostar ingenting å vere med – berre møt opp!
Ansvarsfraskrivelse
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.