page view image

Gjendine og Jørgine - fra Bøverdalen til New York

To kvinneportrett, to livsval – ein forteljarkonsert med folketonar, jazz og livsvisdom frå både Gudbrandsdalen og storbyen.

Informasjon
event image

Jørgine Boomer (1887–1971) og Gjendine Slålien (1871–1972) kom begge frå enkle kår i Bøverdalen, i Gudbrandsdalen. 


Den eine full av eventyrlyst og reiselyst, den andre let verda komme til seg. Dei tok ulike val, og levde ulike liv, men hadde kanskje meir til felles enn ein skulle tru? 


I denne forteljarkonserten med Camilla Granlien blir det sunge, spelt og fortalt om jazz og storbyliv, folkemusikk og bygdeliv, og om to kvinneliv på kvar si side av Atlanteren. 


Sal av mat og drikke.