page view image

Frid i skogen den grøne

Gjennom folkemusikk, dans og teater følgjer vi Frid inn i ei fantasiverd kalla Skogen den grøne – ei forteljing om utanfor­skap og lengten etter å høyre til.

Informasjon
event image

Folkemusikalsk eventyr om å ønskje seg ein ven

Har de nokon gong ridd på ein daud elg som brasar gjennom tett granskog så kvistane slår dykk i andletet, spindelvevet klistrar seg til armane dine og vinden bles håret ditt rett ut? Nei? Tenkte meg det.

Eventyret om Frid i skogen den grøne er skrive av Sigmund Løvåsen, og det handlar om å reise eller flykte bort frå seg sjølv på leit etter å høyre til. Frid er den venelause, umoglege jenta som inst inne berre ønskjer seg ein ven. Historia om Frid blir fortalt gjennom folkemusikk, forteljing og dans i ei fantasiverd kalla Skogen den grøne. 

Samproduksjon mellom Margit Myhr, Riksscenen og Sprang - landsdelsscene for dans.


Passar best for barn frå 5 til 13 år og familiar.


  1. Margit Myhr – skodespel, dans, song
  2. Helga Myhr– komponist og musikar (hardingfeler, vokal)
  3. Sigmund Løvåsen – manus
  4. Jimmy Meurling – regi
  5. Monica Valsø – scenografi, kostyme og plakatdesign
barnefolk

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.