Frid i skogen den grøne
Gjennom folkemusikk, dans og teater følgjer vi Frid inn i ei fantasiverd kalla Skogen den grøne – ei forteljing om utanforskap og lengten etter å høyre til.
Informasjon

I denne familieframsyninga, skriven av Sigmund Løvåsen, møter du Frid – jenta som ikkje passar inn.
Ho er den umoglege jenta ingen vil vere med. Difor prøvar ho å bli noko anna, ei anna, men alt ho ønskjer seg er å høyre til og få ein ven.
Historia vert fortald gjennom folkemusikk, song og dans i ei fantasiverd kalla Skogen den grøne.
Margit Myhr spelar Frid, og Helga Myhr er komponist og musikar.
Passar best for barn frå 5 til 13 år og familiar.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.