FolkJazzScena: Storm Wheater Shanty Choir

Arrangementsinformasjon

Storm Weather Shanty Choir               Dørene opnar kl 21.00.

“Å vokt dig vel, de kan så lett forføre dig!»

I 2000 steig sjømannen Håkon Vatle i land etter mange år om bord på Statsraad Lemkuhl (der han no er direktør). Han hadde fått sjømannssongane, sjantiane, i blodet, og samla det som kunne sjå ut som ein gjeng med langhåra, lokale rockarar, til eit sjømannskor. Det som såg ut som langhåra rockarar, viste seg å vere habile sjømanns-songarar med godt gehør og store stemmer. Storm Weather Shanty Choir var sjøsett, og sidan har dei hatt vinden i ryggen.

Maksimalt maskulin og rå fleirstemt song, likevel så varm og mjuk somme tider, at vi anar dei ekstreme ytterkantane i sjømannslivet; frå sprudlande eventyrlyst til den såraste heimlengt. Og anna lengt! Med ein suggerande, drivande puls skjønar vi også korleis musikken kunne hjelpe sjøfolka å greie dei tunge taka, seglet skulle til topps i masta, rytmen i shantiane var heilt nødvendig i arbeidslaget om bord.

I løpet av dei 18 åra som har gått, har rockekoret frå Stord herja (!?) festivalar og klubbar i inn og utland med ramsalte sjantiar frå dei sju hav. Seks stolte shantiar, sju store hav – ikkje rart kapteinar frå farne tider helsar i ein av songane: Å vokt dig vel, de kan så lett forføre dig!


Haakon Steinar Vatle - song, gitar
Roald Kaldestad - song, mandolin, gitar
Gisle Østrem - song, trekkspel
Rune Nesse - perkusjon
Vidar Vedå - song
Ronny Sætre - song

folkjazzscena

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.