page view image

Førdes fredskonsert

Når vi lyttar saman, deler vi noko meir enn musikk. Vi deler eit håp.

Informasjon
event image

Når verda strammar seg til og avstanden mellom oss veks, treng vi rom der vi kan vere saman og kjenne på fellesskap. Musikken ber oss dit. Den kryssar grenser utan pass og talar språk utan ord.

Under mørke himlar, gjennom uro og uvisse, finn menneske framleis ein song å halde fast i. Ein song å dele.

Denne kvelden kjem musikarar frå fleire delar av verda med sine historier:

Tarabband og Nadin Al Khalidi ber fram songar om flukt og håp.
Jawa held liv i sufitradisjonar frå Syria.
Daughters of Donbas vitnar om krigen sine konsekvensar for born.
Seckou Keita, Olav Torget og Åsne Valland Nordli syner korleis musikk kan byggje bru mellom menneske.
Vera Synne og Martin Steinum Brun frå Noreg.

Programleiar for fredskonserten er Rima Iraki, velkjend frå Dagsrevyen og Urix, og no aktuell med boka Flukten frå Palestina. Saman med dei fine artistane vil ho gjere fredskonserten til ei oppleving der vi kanskje kan kjenne på kva fred kan vere for kvar enkelt av oss, men og for eit fellesskap. Når vi lyttar saman, deler vi noko meir enn musikk. Vi deler eit håp.  

Og kanskje er det der det byrjar. 



Festivalpass = Plass på fredskonserten.

Festivalpass gir deg fri tilgang til fredskonserten frå unummererte plassar på tribuna – enkelt og greitt. Vil du ha eit fast sete nærmare scena? Kjøp "Festivalpass sete" for kr 50,- og sikre deg ein nummerert plass!


💡 Til deg som kjøper ordinær vaksenbillett til Førdes fredskonsert:
Du får tilgang til eit kveldstilbod med rabatt på Klubb Komle + biblioteket (fullprisbillettar).
 Promokoden ligg på billetten din – bruk den ved kjøp, så vert rabatten synleg i handlekorga.

konsert/dans

Restriksjoner

Dørene opnar klokka 19.45.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.