Førdekonferansen 2025: SPRÅK I SPEL
Førdekonferansen har etablert seg som ein viktig kulturkonferanse i regionen og er eit viktig tilskot til festivalen. Til konferansen inviterer vi norske og internasjonale innleiarar til å gå i djupna på det årlege festivaltemaet.

SPRÅK I SPEL
FØRDEKONFERANSEN 3. JULI 2025
Førdekonferansen har etablert seg som ein viktig kulturkonferanse i regionen og eit viktig tilskot til festivalen.
I år vert konferansen leia av forfattar Janne Stigen Drangsholt.
Påmelding av bedrift med ønskje om faktura? Send epost til: billettar@fordefestival.no
PROGRAM
Kl. 09.30 Registrering og kaffe
Kl. 10.00 Velkommen
Kl. 10.10 Språk i spel – ei opning
Janne Stigen Drangsholt opnar konferansen med refleksjonar kring språkets makt, endring og korleis det formar forståinga vår av verda.
Kl. 10.20 Grethe Fatima Syéd: Språk og sanning i dagens samfunn
«Sanninga er ein bevegeleg hær av metaforar," sa Friedrich Nietzsche. At ho er språkleg og i stadig endring, er i alle fall sikkert. Grethe Fatima Syéd er litteraturvitar, men har engasjert seg i debattar langt utanfor det som finst mellom to permar – om alt frå representasjon og metoo til tiggarproblematikken og abort, ofte med eit skjerpa blikk på språket si rolle. Dette engasjementet resulterte i 2021 i boka Kva snakkar vi om når vi snakkar om abort (saman med Kjersti Sandvik), som mellom anna undersøker kva slags språk vi brukar når vi snakkar om abort. I dette innlegget vil ho dykke ned i retorikk og språk i dagens samfunn.
Kl. 10.45 Panelsamtale: Frå papir til skjerm – eit språk i endring
Kirsti Lunde, Sivert Nesbø og Kjersti Håland diskuterer i denne samtalen korleis språket utviklar seg i møte med nye medium, frå tradisjonelle tekstar til digitale plattformer. Særleg vil samtalen rette fokus mot ungdom og deira språkbruk, og korleis teknologi, kunstig intelligens og sosiale medium påverkar måten dei les, skriv og kommuniserer på.
Kl. 11.15 Pause
Kl. 11.35 Marit Paasche: Når kunst blir kunsthistorie
- ei reise i språk og makt
I boka Søvn og lykke. Norsk kunst og det moderne gjennombruddet undersøkjer Marit Paasche nokre av tankekonstruksjonane og mekanismane som ligg til grunn for at norsk kunsthistorie ser ut som den gjer. Her gjer ho nokre korte nedslag, og ser på kunstnarskapa til J. C. Dahl, Catharine H. Kølle, Aasta Hansteen og Christian Krohg.
Kl. 12.00 Anna Kleiva og Ingrid Z. Aandestad: Ord mot folkemord
I fjor bidrog ei rekkje norske poetar og gjendiktarar i eit eineståande dugnadsarbeid til støtte for sine palestinske forfattarkollegaer. Tunga mi protesterer mot døden er ei samling av både samtids- og eldre poesi frå Palestina, der alt overskotet frå salet går til den humanitære organisasjonen NORWAC. Til Førdekonferansen kjem to av gjendiktarane, Anna Kleiva og Ingrid Z. Aanestad, for å fortelje om
prosjektet og lese frå boka.
Kl. 12.25 Lunsj
Kl. 13.25 Manu Théron: Eit fleirspråkleg Frankrike
Musikar og skribent Mánu Théron utforskar korleis fransk språkpolitikk har vore prega av sentralisering og einspråklegheit, og korleis kunst og kultur vert brukt som verktøy for å utfordre desse strukturane. Gjennom oksitansk vokalkunst syner han korleis språk og musikk kan vere både ei kjelde til identitet og ein måte å halde levande ei fleirstemmig kulturell arv.
Denne bolken går på engelsk.
Kl. 13.50 Musikalsk innslag med Manu Theron og Damien Toumi
i Duo Lavoá Lapó.
Kl. 14.00 Solrun Toft Iversen: Språk, teater og identitet
Omtale kjem
Kl. 14.25 Pause
Kl. 14.45 Samtale: Musikalitet i språket – kunst, kommunikasjon og kunnskap
Språket har ein eigen rytme og musikalitet som påverkar måten vi kommuniserer og forstår verda på. Janne Stigen Drangsholt i samtale med Grete Fatima Syed og ein av festialartistane (namn kjem), utforskar forholdet mellom språk, kunst og humaniora. Korleis kommunisere gjennom lyrikk, og korleis kommunisere gjennom
ordlause kunstformer?
Kl. 15.15 Språk i spel – avsluttande refleksjonar
Janne Stigen Drangsholt rundar av konferansen ved å knyte saman trådane frå dagen, trekke fram hovudpoeng frå innleiarane og samtalane, og opne for vidare refleksjon om språket si rolle i samfunnet.
Kl. 15.30 Slutt
Ansvarsfraskrivelse
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.