Førdekonferansen 2022: Kunst i kriser

KUNST I KRISER
FØRDEKONFERANSEN 7. JULI 2022
Menneske lever i mange og ulike krisesituasjonar verda over i dag. Det er kriser som krig, naturkatastrofar, sjukdomsepidemiar og når ytringsfridomen og menneskerettane blir truga og innskrenka. Kva er kunsten og kunstnaren si rolle i slike kriser? Kva skjer med kunstnarane, både dei som lever i krisa, og dei som har flykta? Årets konferanse set søkjelyset på desse spørsmåla gjennom å lytte til innleiarar med ulike perspektiv, som kunstnarane sjølv, men òg dei som arbeider med desse spørsmåla i akademia, journalistikken, politikken og Dei sameinte nasjonane (SN).
Førdekonferansen vert arrangert av Førdefestivalen i samarbeid med Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet, Sunnfjord kommune, Tekstallianse og Kunsthall 3,14. Konferansen er støtta av Kulturrådet.
Påmelding av bedrift med ønskje om faktura? Send epost til: billettar@fordefestival.no
PROGRAM FOR KONFERANSEN:
Programleiar: Roger Sevrin Bruland
Roger Sevrin Bruland er 45 år og kjem frå Utvik. I dag er han NRKs europakorrespondent i Berlin. Han har dei siste åra dekka pandemien i Italia og krigen i Ukraina, og mykje anna midt mellom desse to landa.
Kl. 09.30: Registrering og kaffi
Kl. 10.00: Velkomen
Jenny Følling – ordførar Sunnfjord kommune
Arne Osland – styreleiar Førdefestivalen
Kl. 10.15: Anne Beathe Tvinnereim - Utviklingsminister
Opning av konferanse og innleiingsføredrag
Kl. 10.45: Margunn Indrebø Alshaikh – «Kunst som brubygging, gjenreising og ytringsfridom»
Margunn Indrebø Alshaihk arbeider i dag i UNDP (SNs utviklingsprogram) i Botswana. Ho har meir enn 15 års internasjonal røynsle innan programleiing og koordinering, politisk og strategisk planlegging, konfliktanalyse, og krisekartlegging for fredsbygging og styresett, kommunikasjon og forsking
Kl. 11.15: Oded Ben-Horin – «Kunsten i kriser og konflikter»
Oded Ben-Horin er førsteamanuensis og instituttleiar for Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet
Kl. 11.45: Kaffipause
Kl. 11.55: Kunstnarskap i eksil - Selma M. Yonus og Aida Nosrat i samtale med Hilde Hagerup.
-På avstand såg eg endå tydelegare kor grusomt det var. Poeten Selma M. Yonus fekk asyl som gjesteforfattar i Stavanger i 2009. Fem år seinare to IS kontroll over heimbyen Mosul. Dag og natt fylgde ho nyheitene, sørga og skreiv dikta som er samla i «Vuggesang for liten kriger».
Å vere kunstnar i eksil er ei erfaring ho deler med Aida Nosrat frå Iran. Som musikar fekk ho si utdanning ved universitet i Teheran, men strenge islamske lover gjorde det umuleg å bli verande. Sidan 2016 har ho budd i Paris, der ho held fast på utforskinga av den persiske tradisjonsmusikken.
Korleis påverkar eksilet kunstnaren og kunstnarskapet? Samtalen vert leia av Hilde Hagerup, forfattar og tidlegare styremedlem i Norske PEN.
Kl. 12.40: Lunsj
Kl. 13.30: Damir Imamovic – «The Sevdah Tradition»
Damir Imamovic fortel si eiga historie, om korleis han sjølv vart ein del av sevdah-tradisjonen og den sterke oppblomstringa denne musikken fekk etter Bosniakrigen.
Kl. 14.10: Agnete G. Haaland: Ytringsfridom under angrep
I mange land risikerer forfattarar, journalistar og kunstnarar å bli torturerte og fengla for fredelege ytringar. Skodspelar Agnete G. Haaland har mellom anna vore rettsobservatør for Norsk PEN i Kavala-saka i Tyrkia. Kva skjer med kunsten og kunstnarane si rolle, og korleis kan vi medverke til å styrke ytringsfridomen til dei som vert knebla?
Kl. 14.40: Kaffipause
Kl. 14.50: Negar Tahsili – «Embracing Failure»
Negar Tahsili frå Iran er filmskapar og visuell kunstnar. Ho presenterer kunstprosjekta sine, kjende for å respondere på moglegheiter og trugsmål som finst i samfunnet.
Kl. 15.20: Gunn Karoline Fugle, Siv Førde og Inge Nordhaug – «Musikk som fredsberar»
Gunn Karoline Fugle, Siv Førde og Inge Nordhaug har ulike spesialiseringar innan barnepsykiatri. Dei presenterer prosjektet sitt frå Botswana om musikk som hjelp for tusenvis av born som mista foreldra sine i HIV og AIDS.
Kl 15.55: Oppsummering ved programleiar
Kl. 16.00: Slutt
Ansvarsfraskrivelse
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.