page view image

Festivalnatt: Mitsune / Las Karamba

22.30–23.00 Lynkurs i latindans
23.00–02.00 Konsertar!

Informasjon
event image

I serien band som gjer alt på sin heilt spesielle måte: ta vel i mot Mitsune, folk-fusjonsbandet som heidrar og moderniserer den japanske shamisen-tradisjonen! Hjartet og sjela i Mitsune er tsugaro-shamisen, ein tradisjonell trestrenga lutt som vart gjort populær av blinde, omreisande musikarar. Mitsune sine energiske konserter har ein humoristisk undertone, og er spekka av overdådige visuelle uttrykk som vi trur du vil elske!


Las Karamba har røter i i Venezuela, Cuba, Catalonia, Frankrike og Argentina og blandar stilartar som son, cha-cha-cha, salsa, timba og litt innslag frå rap og urban musikk. Dei skaper ei kraftfull og smittsam musikalsk oppleving og er som skapte for å lage herleg laurdagsstemning i Sunnfjordsalen!

Førdefestivalen feirar 35 år – og det gjer du kanskje òg? 

Er du 35-årsjubilant i 2025, slepp du inn gratis på Festivalnatta! Hugs leg.


Dørene opnar kl 21.30

Aldersgrense 20 år.

Alle med Festivalpass har fri entre til denne konserten.


konsert/dans

Restriksjoner

Dørene opnar kl 21.30
Arrangementet har 20 års aldersgrense.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.