Festivalfilm: Gaucho Gaucho
Hybriddokumentar frå det argentinske pampas – om cowboyar, fellesskap og ein livsstil i endring.

Årets festivalfilm!
Billett til kino seljast via Førdehuset.no
GAUCHO GAUCHO
Arg./Am. Dokumentar. 1t. 25 min. 15 år
Bli med inn i det tradisjonsrike lokalsamfunnet til argentinske cowboys og cowgirls, kjent som gauchoene. Dei lever framleis på hesteryggen i grenseland mot den moderne verda.
I denne hybriddokumentaren vert ein rik kulturarv og eit utdøyande levesett på landsbygda hylla med klassiske og stiliserte spelefilmgrep.
I dette portrettet møter vi fleire fargerike maté-drikkande cowboytypar på hesteryggen. Vi får eit eksklusivt innsyn i familieliv der tradisjonane går fra generasjon til generasjon. Bygdelivet vert skildra i ei særeigen blanding av observerande realisme og kontrastfylt svart/kvitt -foto. Scenene i filmen er slåande vakre, og karakterane vi møter er stolte, steile og opptekne av å leve i pakt med dyra, naturen og vere tru mot seg sjølv. Det er lett å gløyme at dette er ein dokumentarfilm!
Michael Dweck og Gregory Kershaw er ein amerikansk regissør-duo som tidlegare har stått bak filmar som utforskar nærmiljø som ikkje tidlegare er blitt vist mykje på film; som i «Trøffeljegerne fra Piemonte» som var ein stor suksess m.a på Kino Førde
(15 år) Ungdom/vaksne.
I samarbeid med Kino Førde.
Ansvarsfraskrivelse
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.