Familieverkstad: prøv deg som kunstmålar
Bli med på ein fargerik kunstverkstad der born og foreldre lagar bilete med kol og sprutmåling – akkurat som festivalutstillaren Linda Soh Trengereid!

I samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum inviterar vi born og unge til å lage kunst inspirert av årets festivalutstillar, Linda Soh Trengereid.
I landskapsmåleria hennar er naturen ein levande, pulserande organisme – som talar eit universelt og evig språk. Ho teiknar detaljerte skoglandskap med kol og fargelegg med å sprute på måling til slutt.
På verkstaden får borna lage sitt eige bilete, inspirert av metoden til Linda. Vi brukar først projektor for å teikne av motivet, med kol som teikneredskap. Deretter fargelegg vi bildet med sprutmåling.
Bli med å lage kolteikning med fargesprut - akkurat som festivalutstillar Linda Soh Trengereid!
Passar best for born i skulealder og oppover i samarbeid med ein vaksen.
Ein føresett kan følgje gratis.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billetter vert ikkje refundert. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.