Draumkvedet
Gamalt dikt, nye klangar – og ei oppleving du kjem til å hugse.
DRAUMKVEDET – Berit Opheim, Karl Seglem, Nils Økland, Sigbjørn Apeland
Draumkvedet, vår mest kjende middelalderballade, er ein ekte januarklassikar og ein tradisjon for mange musikkelskarar. Enten du alt gler deg til januar og Draumkvedet (!), eller du enno ikkje har høyrt det framført, har du ein gylden sjanse i Førde kyrkje onsdag 14. januar. Då kjem vår fremste folkesongar, Berit Opheim, til Førde med dette meisterstykket. Ho har arbeidd med Draumkvedet i heile sitt kunstnarliv og framført det tallause gonger. Slik ingen andre kan, formidlar ho historia om Olav Åsteson som sovnar julaftan og vaknar opp 13. dag jul.
I Førde kyrkje tolkar Berit Opheim det store visjonsdiktet saman med tre av sine beste musikarvener, Karl Seglem, Nils Økland og Sigbjørn Apeland, som alle er kjende for å søkje nye uttrykk og utfordre det etablerte. Draumkvedet i januar med Berit Opheim og desse tre fantastiske musikarar i ryggen blir aldri feil
Utgangspunktet for konserten er cd-utgjevinga Opheim/Seglem gjorde i 2009, der den kjende middelalderballaden står fram som eit eineståande musikalsk visjonsdikt.
“Varmen og klangfullheten i stemmen og hennes vare lydhørhet for balladens stemningsrikdom er med på å dra deg inn i fortellingens dype alvor. Hennes vokale grep er totalt. Hun er den fremste i sin kunstform, og viser igjen sitt mesterskap” (Aftenposten (N) om cd-utgjevinga)
Berit Opheim, vokal
Karl Seglem, bukkehorn, elektronikk
Nils Økland, hardingfele
Sigbjørn Apeland, trøorgel
Om Draumkvedet
Vi møter draumane og visjonane til Olav Åsteson. Han fall i svevn julaftan, og vakna 13. dag jul. I draumane vandra han gjennom dødsriket og såg syndarane få si straff. Draumkvedet handlar likevel ikkje berre om himmel og helvete. Olav Åsteson si vandring handlar om det å bli eit heilt menneske, og dei sterke, skakande og styggvakre draumane rommar det meste av det eit lite menneskeliv kan drøyma om og lengte etter.
Draumkvedet vart nedskrive av Jørgen Moe og M.B. Landstad midt på 1800-talet og har ei særeiga stilling i norsk og nordisk folkedikting. Dette visjonsdiktet fasinerer, utfordrar og provoserer, og er den mest sentrale og viktigaste middelalderballaden vi kjenner til.
Hjarteleg velkomne!
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.