page view image

Drakeverkstad med Ajaz Ul Haq

Informasjon
event image

Lær å lage drake av ein verdsmeistar! 

Ajaz Ul Haq er Noregs beste drakemakar og verdas beste drakeflygar. Ein gong sendte Ajaz opp over 1000 drakar og vart verdsmeistar. I juni vil han gjere eit nytt verdsrekordforsøk med 2000 drakar i lufta på ein gong!

Å sjå ein drake sveve oppe i det blå medan du held i snora og styrer det heile, gjev deg nesten kjensla av å flyge sjølv. For mange er drakar ei morosam leike, men dei kan vere så mykje meir enn det. Det kan vere kunst i form av flotte fargar og mønster, og det kan vere sport i form av spennande konkurransar.

Ajaz har laga uendeleg mange drakar og no kjem han til Førdefestivalen for å lære born og vaksne i Førde å lage drakar, - kanskje blir du like god som han? 


 Bli med på drakeverkstad og drakeflyging med Ajaz og få kjensla av å fly og vere fri som vinden.

Tilrådd alder 4 år og opp over i samarbeid med ein vaksen. 

Kurset er gratis for alle.


barnefolk

Ansvarsfraskrivelse

Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.