Diket
Melankolsk og vakker folk-indie i kveldssola på taket. Diket tek nordisk folkemusikk eit steg vidare.
Informasjon

Med medlemmar frå kjende osloband som Benedikt, Ævestaden og Hei Gloria, skaper Diket melankolsk, poetisk folk-indie, og tek nordisk folkemusikk i ei ny retning.
Tett samspel mellom tekst og musikk skaper eit vakkert og sørgmodig univers. Det handlar om kvardagspoesi, natur og det moderne mennesket sin lengt etter ‘noko anna’.
Debutplata Och sen kom vintern fekk toppkarakter i haust.
Diket live på takterrassen – det kan bli magisk!
Vert flytta til Larris Scene ved dårleg vêr.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.