page view image

The Dancers Brew - Barokksolistene med Mamelukk Dansekompani

Barokksolistene og Mamelukk dansekompani byr på ei energisk framsyning der barokkmusikk, drikkeviser og dans går opp i ein virtuos fest.

Informasjon
event image

Barokksolistene si framsyning The Alehouse Sessions har gått sin sigersgang på festivalar og konsertscener over heile verda, og publikum på Førdefestivalen fekk oppleve den spektakulære konserten i 2018.

Då Bjarte Eike og Barokksolistene samarbeidde med Mamelukk dansekompani ved Den Nye Opera i Danmark, vart det så til dei grader klaff at dei bestemte seg for å lage ein heilt ny versjon – med endå meir dans!

No får du oppleve resultatet: eit reint heksebrygg der drikkeviser og slåttestev møter musikalske krumspring og danseglede, og går opp i ei slags høgare virtuos eining!

konsert/dans

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.