Bornas Verdsdagar Førde 2018

Arrangementsinformasjon

OPPLEVING GJENNOM DELTAKING
er mottoet for Bornas Verdsdagar Førde!

Laurdag 17. november inviterer vi igjen born i alle aldrar til å boltre seg på gratis miniverkstadar og prøve ut både dans, song og musikk i Førdehuset. Då er det nemleg klart for at den niande utgåva av Bornas Verdsdagar Førde går av stabelen.

Songverkstad (0-3 år): Bli med å synge kjekke norske folkesongar med Oline Løvlid!

Eventyrhola (4 – 7 år): Kom i den koslege lesehola, og høyr spennande eventyr!

Kiwi, Kookaburra og ein Kenguru (5 +): Songverkstad frå Oseania med Christine Marøy.
 
Verdsscena: På Verdsscena vert det musikk og dans frå ulike delar av verda.

Norsk tradisjonsdans (5år +): Korleis dansar vi på norsk? Bli med Brita og Gisle og dans tradisjonsrike norske dansar!

Afrika (3 - 8 år): Gjennom lyd, fargar, rørsler og musikk skaper Raymond ei sanseleg og fascinerande oppleving for borna.

Peru for dei minste (1 – 5 år): Ei musikalskreise i Regnskogen med Celio og Edgar.

Geitejazz i Eventyrrommet (4 - 8 år): Det vert Geitejazz i Eventyrrommet med skodespelarar frå Sogn og Fjordane Teater.

Txunuvuka hutukumana - sjå og bli med (5 - 12 år): Carolina, Amina og Paulo er tre unge energiske dansarar frå Mosambik. Dei vil vise tradisjonsdans. Borna vil lære enkle trinn for å bli med i dansen. Sjå, lær og bli med som dei gjer i Mosambik!

Dette er eit utvekslingsprosjekt mellom Kulturskolen i Fredrikstad og Associacão Cultural Mono støtta av NOREC.

Fargerike Førde – sal av mat: Internasjonal matfest med smårettar frå heile verda. Borda er dekka i festsalen.
*****

SLIK FUNGERER DET
Alle verkstadane på Bornas Verdsdagar Førde er gratis, og det er inga påmelding. Berre møt opp utanfor kvar verkstad, så prøvar vi å få plass til alle.

Ei økt på verkstaden varer i ca 20 minutt, og det blir køyrd to verkstadar i timen. Det er lov å gå fleire gonger.

Verkstadane går i rom som er dekorerte etter temaet på verkstaden, og vi tek i bruk heile Førdehuset: Kjellaren, scena i storsalen, møterom, biblioteket, Musikkrommet, Eventyrrommet, Festsalen og Teatersalen.

I tillegg til verkstadane, kan borna kose seg med andre aktivitetar rundt i vrimlearealet på Førdehuset.

SCENE FOR LOKALE ARTISTAR
Verdsscena i Festsalen er staden for enkeltpersonar og grupper som har noko dei ønskjer å framføre for publikum.

INTERNASJONAL KAFE
Fargerike Førde, den populære internasjonale kafeen i regi av Frivilligsentralen i Førde, er også ein del av arrangementet i Førdehuset denne laurdagen. I utstillingssalen vil det bogne av mat frå mange land, så her er det råd å smake mat frå heile verda.

NB! Hugs å ta med kontantar, for kafeen har ikkje bankterminal.

Bornas Verdsdagar Førde er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Førde kommune, NOREC, Fargerike Førde - Frivilligsentralen i Førde, Sogn og Fjordane Teater, Førde Bibliotek og Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

folkjazzscena