Basco & Jullie Hjetland
Energisk, nyskapande og nordisk: Basco og Jullie Hjetland tolkar songar av nordiske forfattarar i eit friskt møte mellom folkemusikk og poesi.
Informasjon

Med smittande energi, stor virtuositet og kreativitet har det danske folkrootsbandet Basco i mange år vore ein publikumsvinnar på festivalar og konsertscener i heile Europa.
Her kjem dei med nytolka nordisk folkemusikk, og eit spennande samarbeid med norsk/danske Jullie Hjetland.
Dei gjev liv til nye songar av danske, svenske og norske forfattarar, diktarar og låtskrivarar.
Sal av mat og drikke før og etter konserten.
Gratis buss frå Førdehuset kl. 16.15 med retur etter konserten.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.