Barneverkstad: Vaskebrettkurs med Sarah Savoy

Arrangementsinformasjon

Fredag 5. juli kl. 10:00-11:00      Festsalen, Førdehuset. 

Barneverkstad: Vaskebrettkurs med Sarah Savoy  

Kan ein ikkje spele på vaskebrett, seier du? Jau, sjølvsagt kan ein det – og no kan du få prøve det du òg!  Kanskje veit du ikkje eingong kva eit vaskebrett er?  Det var eit hjelpemiddel til å vaske klede på før vaskemaskina overtok jobben.  Men vaskebrettet var altså ikkje berre ein arbeidsreiskap, men var og er brukt som instrument av musikarar, frå den norske visegruppa Vømmøl frå Norge, til Sarah Savoy trio frå Lousiana i USA!  Og det er ho du skal få møte som instruktør på vaskebrettverkstaden!

Sarah Savoy kjem frå den legendariske cajun-familien til Marc og Ann Savoy frå Louisiana, og er ein fornyar av den særmerkte og dansbare cajunmusikken som franske kolonistar i Louisiana odla fram på 1700-talet. Repertoaret er drivande fine honky tonks og raske hillbillies, så her er det artige rytmar og prøve seg på!

Har du ikkje vaskebrett å ta med, seier du? Det gjer ingenting, for på verkstaden lagar du ditt eige vaskebrett av papp, og lærer å spele på det med ei skei!  Og i tillegg får du lære nokre artige songar, på ekte Cajun-fransk!

*************

Frå Sarah Savoy si webside:

Construct a washboard from cardboard and stiff paper, then learn to play it with plastic spoons. Discover the different rhythms in Cajun music and learn the Cajun French names for some animals through song.


kurs