Barneframsyning: "På geitevis"

Arrangementsinformasjon

For English - see below

18.00 – 18.45               Barneframsyning: “På geitevis”
Festsalen, Førdehuset

MERK konsertstart kl. 18.00! I brosjyra vår står det kl. 17.30, som er feil!

NYPRODUKSJON:

Kven var han som skreiv seg inn i folkehjartet med bukken Blåmann? Med komponist og folkemusikar Jorun Marie Kvernberg som ferdaleiar får du høyre og sjå Aasmund Olavsson Vinje, i leik og alvor, gjennom musikk og ord. I reisefylgjet har ho folkesongar Unni Boksasp, jazzpianist Dag-Filip Roaldsnes og tubaist Daniel Herskedal.

Manus: Fridtjov Urdal og Tore Nysæther

Regi og scenografi: Tore Nysæther

 Verket og produksjonen er tinga av Førdefestivalen i samarbeid med DKS Sogn og Fjordane, og støtta av Norsk Kulturråd. Alder: Frå 6 år. Framsyninga vert også vist fredag.

Om artisten


18.00 – 18.45               Performance for children: “På geitevis”
Festsalen, Førdehuset
A performance especially for children, based on the lullaby “Blåmann” and other verses by Aasmund Olavsson Vinje. See the Thursday program for a full description of the concert. 
Age: From 6 years and up.









Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.