Event information
Gjermund Larsen er ein av Noregs mest kjende
folkemusikarar. Med sitt leikne og kjensleladde felespel har han fanga publikum langt utover det tradisjonelle folkemusikkpublikummet.
Saman med Andreas Utnem på trøorgel og piano, og Sondre Meisfjord på kontrabass, gav han i haust ut si femte trioplate, Tøyen Sessions. Trioen har eit unikt samspel, og ein heilt eigen dynamikk. Det er berre å glede seg til Gjermund Larsen sine melodiøse og vakre komposisjonar skal fylle Førde kyrkje denne seine kveldstimen.