Ali Doğan Gönültaş Trio

page view image

Tickets Not Available

order
Tickets not available anymore
event image

Event information

Kurdiske Ali Doğan Gönültaş er fødd i Kiğı, i Aust-Anatolia, der tradisjonar og historie først og fremst vert overførte gjennom musikk. Med ei uttrykksfull stemme og drøymande komposisjonar, formidlar han dei mange rytmane og språka som er spesifikke for dei anatolske/mesopotamiske busetingane.


Etter 10 års feltarbeid kom den kritikarroste debutplata Kiğı (2022), med musikk frå dei siste 150 åra i heimbyen hans. Slik vert denne spesifikke tradisjonen teken vare på for ettertida, sjølv om minna falmar.


Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.

Tags

konsert/dans
Organizer
Førdefestivalen