page view image

Assu, Balestrand

EVENT INFORMATION
event image

Førdefestivalen gler seg til konsert i Balestrand!


Áššu er ei vakker samansmelting av tradisjonell samisk joik og inspirasjon frå vestafrikanske tradisjonar. 

I front joikar Ulla Pirttijjärvi om slektningar og heimstadar. I ryggen har ho Olav Torget på gitarar og konting, og ein eminent perkusjonist.

Musikken går frå mjuk og roleg til rytmisk og suggererande - og glir lett under huda.

Meir om artisten:

Áššu - Sapmi / Norge

Áššu baserer musikken sin på tradisjonell samisk joik. Finske Ulla Pirttijarvi-Länsman  joikar slektningane sine og heimstadane sine Utsjoko og Angeli. Lydbildet vert komplettert av strengeinstrument og perkusjon. Trioen hentar også inspirasjon frå tradisjonar og rytmar i Vest-Afrika og musikken varierer frå rolege og flytande atmosfærar til det rytmiske og raske låtar.

Áššu gav ut albumet med same namn i 2019. Om plata seier Pirttijarvi-Länsman  :

Med dette albumet ønskjer eg å presentere familiejoikane mine og joikane til dei som har hatt mykje å bety for meg. Joikane er ein del av familieidentiteten min. Dei er tradisjonelle joikar frå heimstadane mine Angeli og Utsjoki, der eg no bur. Nokre av joikane er frå samiske bygder og joikar som gjev uttrykk for eit samisk utsyn på verda. Plata skal gje ein moderne kontekst til den tradisjonelle joiken, og det enkle og akustiske uttrykket understrekar kjenslene og historiene i joikane.

Ulla Pirttijarvi-Länsman – tradisjonell joik
Olav Torget – barytongitar, oilcan gitar, afrikansk konting (ev berre - gitar)
TBA - perkusjon


konsert
førdefestivalen
balestrand
konsert/dans

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.