© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Vi inviterer til ein sterk samtale med den ukrainsk-kanadiske musikaren og journalisten Marichka, leia av journalist og musikkprodusent Dan Rosenberg.
Marichka lever eit liv få andre gjer. Ho er både artist, krigskorrespondent og frivillig sanitetssoldat, og følgjer ukrainske soldatar heilt fram til frontlinja for å dokumentere krigen slik han vert levd – av menneske.
Ho kjem til Førdefestivalen med musikk- og menneskerettsprosjektet Daughters of Donbas – Songs of Stolen Children, eit sterkt vitnesbyrd om dei over 20 000 barna som er bortførte frå okkuperte område i Aust-Ukraina.
Gjennom musikk, forteljing og dokumentasjon løftar prosjektet fram både uretten og håpet – for dei råka familiane, og for eit land som kjempar for framtida si.
Korleis kan ein finne fred og forsoning etter slike handlingar? Dette er ei sjeldan moglegheit til å kome tett på ei historie som framleis er i ferd med å bli skriven.