© TicketCo AS 2026.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Det kokar i norsk folkemusikk for tida, og i kveld ligg alt til rette for at det skal syde på Larris Scene. Først ut er Pumpegris, årets nykommar på By:Larm 2025, før Kenneth Lien & Center of the Universe tek kvelden vidare.
Med stjernevokalist Vera Sonne i front rullar Pumpegris ut feite låtar, steinharde slåttar og ærlege tekstar. Her høyrer du spor av kveding og rap, funk, shoegaze, visepop og hiphop – alt kasta saman utan blygsel. Resultatet er både humoristisk og sårt, og gir akkurat den klubbstemninga du vil ha.
Når Kenneth Lien & Center of the Universe rundar av kvelden, ventar nyskapande elektronisk folkemusikk. Duoen kombinerer gangar, springar og halling på munnharpe og hardingfele med house og techno frå TB-303 og Roland 909. Er du ikkje stødig i tradisjonsdansen, er det berre å gripe tak i nokon som er det – eller lage din eigen. Alt er lov!