Parveen & Ilyas Khan @Jakob Sande-tunet

Indisk trad møter beatboxing

page view image
Event date

Sunday 5 Jul 2026 15:30

Ends Sunday 5 Jul 2026 16:30
order

Available items

Vaksen
Festivalpass rabatt
Armband (festivalpass) og denne billetten må visast ved inngang. Buss er inkludert i billetten.
UNG u 30 år
Alder 14 til og med 29 år, leg.plikt. Buss er inkludert i billetten.
Born u 14 år
Born til og med 13 år. Buss er inkludert i billetten.
Medarbeidar rabatt
Berre for deg med medarbeidarpass. Personleg, ikkje overførbar. Buss er inkludert i billetten.
event image

Event information

Det fransk-indiske søskenparet Parveen Sabrina Khan og Ilyas Raphaël Khan er sjuande generasjons musikarar i ei anerkjend musikarslekt i Rajasthan. Dei vaks opp i India, der dei fekk opplæring i den nord-indiske klassiske musikktradisjonen – ei kunstform som har vore overført munnleg gjennom meir enn 3000 år.

Parveen Sabrina Khan er ei leiande stemme i den nye generasjonen indiske songarar. Ho framfører râgaer, det melodiske rammeverket i indisk klassisk musikk, og er ein av få som løftar fram dei tradisjonelle folkesongane frå Rajasthan, maands, som i dag står i fare for å forsvinne. Med si djupe og virtuose stemmeprakt får Parveen fram poesien i denne sofistikerte musikken, der den lyriske teksten – ofte kort – gir stort rom for improvisasjon, både melodisk og rytmisk.

Ilyas Raphaël Khan er ein dyktig perkusjonist og beatboxar, og akkompagnerer med kreativt tablaspel og tablaboxing – ei samansmelting av dei to uttrykka. På denne måten fornyar og utviklar søskenduoen det klassiske indiske repertoaret, i forlenginga av arven etter faren, den kjende perkusjonisten Hameed Khan Kawa.

Med styrken frå dei to kulturane sine tek Parveen og Ilyas Khan publikum med inn i ei verd av varierte og nyskapande lydar, og gir ei smakfull blanding av indisk musikk og vestlege rytmar.

Medverkande:
Parveen Sabrina Khan – vokal
Ilyas Raphaël Khan – tabla, beatboxing

 

Sal av mat og drikke. 

Gratis buss til deg med konsertbillett frå Førdehuset kl kl 14.15, med retur etter konserten.



Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.

Tags

konsert/dans
Organizer
Førdefestivalen