Event information
Mahsa Vahdat frå Iran og Kajsa Balto med røter frå Sápmi kjem begge frå kulturar som feirar sola og lyset sin påverknad på naturen – og sjølve livet.
Dette og mykje meir er bakgrunnen for eit inderleg musikalsk møte mellom to sterke kvinnestemmer.
Mahsa Vahdat og Kajsa Balto formidlar songar som kanskje kan gje oss kraft og håp i ei verd som synast å stå på eit vippepunkt mellom mørke og lyse krefter.
NYPRODUKSJON