Klubb Komle på tur + Gasper Nali Band

Musikk og dans i to etasjar – éin billett! Klubb Komle fyller Larris Scene, medan Gasper Nali Band tek over biblioteket. Ein kveld med drivande rytmar, dans og rå speleglede.

page view image
Event date

Saturday 4 Jul 2026 22:30

Ends Sunday 5 Jul 2026 02:00
order

If you have a promo code apply here

Available items

Vaksen
Festivalpass rabatt
Armband (festivalpass) og denne billetten må visast ved inngang.
UNG u 30 år
Alder 14 til og med 29 år, leg.plikt.
Medarbeidar rabatt
Berre for deg med medarbeidarpass. Personleg, ikkje overførbar.
event image

Event information

🔊 På Larris Scene: Klubb Komle på tur / DJ Radsen

Bergens eigen folkemusikk-nattklubb på turné i Førdefestivalen!

Klubb Komle serverer dansbar husmannskost i klubbformat – der folkemusikk, klubb og fest smeltar saman. Her er det rom for både fele og fotarbeid, og kvelden byggjer seg opp med tempo, energi og sving.

Med:

  • Folkedansinstruksjon med Lars og Are
  • HrayBery
  • Folksomt
  • DJ RADSEN


🔥I biblioteket: Gasper Nali Band / DJ Daeva

For første gong i Noreg!

Gasper Nali er ein heilt unik artist frå Malawi, verdskjend for sin sjølvlaga babatoni – eit instrument som kombinerer bass, perkusjon og strengar. Med røter i Kwela-tradisjonen skaper han ein intens, drivande og hypnotisk lyd.

Sidan det virale gjennombrotet i 2015 har Gasper gjeve ut to kritikarroste album, turnert verda rundt og bygd ein global fanskare. No kjem han endeleg hit.

Gasper Nali – babatoni, vokal
Davie Luhanga – perkusjon, vokal
Mattias Stålnacke – gitar

Etter Gasper Nali Band tek DJ Daeva over, og fyller biblioteket med rytmar frå alle kontinent. Her er det berre å halde beina i gang til ut i dei små timar! 

Éin billett gjeld for begge etasjane. 

Gasper Nali




Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.

Tags

konsert/dans
Organizer
Førdefestivalen