page view image

Zagala

EVENT INFORMATION
event image

Zagala måtte til Førde!


Zagala utforskar iberiske dansetradisjonar som jotas, seguidillas, charros, fandanguillos, ajechaos og sevillanas.

Med sterk vokal, klapping og varierte arrangement på gitar, fele, tamburinar og trommer, skeier, flasker og elles det dei har for hand, har dei utvikla eit energisk musikkuttrykk, som slo skikkeleg igjennom på den store internasjonale musikkmessa WOMEX i 2019.

Vi var ikkje i tvil, Zagala måtte til Førde!

Meir om artisten:

ZAGALA - Spania

Spanske dansetradisjonar med snertne arrangement

Zagala vart etablert i Madrid i 2015, av fem elevar av legendariske Eliseo Parra. I botn ligg ei genuin interesse for rytmar, songar og dansar i iberisk folkemusikk, inkludert tradisjonar frå dei baleariske og kanariske øyane. Zagala handlar om å  utforske spanske dansetradisjonar som jotas, seguidillas, charros, fandanguillos, ajechaos og sevillanas. Med sterk vokal og varierte arrangement på gitar, fele, tamburinar og trommer, skeier, flasker og klapping, og elles det dei har for hand, har dei utvikla eit energisk musikkuttrykk, som slo skikkeleg igjennom på WOMEX (den største internasjonale verdsmusikkmessa) i Tampere i Finland i 2019! Vi var ikkje i tvil om at vi måtte få Zagala til Førde!  

Artistmedlemmer:

Josefa Gomez Llorente, Vokal (hovud)

Alba Chacón Guijarro, Tradisjonell perkusjon, vokal

Esther Sánchez Fernández, Fiolin, vokal, perkusjon

David Torrico Martín, Gitar, mandola, perkusjon, vokal

Iván Mellén Aparicio, Perkusjon, trommer


konsert/dans

Waiver

Kjøpte billetter vert ikkje refundert. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.