page view image

Ulf Arne Johannesen | Å rekke å elske

Information
event image

Å rekke å elske er ei musikalsk og visuell forteljarframsyning om og med dansar, musikar og treskjerar Ulf-Arne Johannessen. 


Åleine på scena driv han forteljinga fram med videokunst, eigen musikk og dans. 

Både einradaren og treskjerarverktøyet

– og tradisjonane knytte til dei – har han arva frå slektningar.


Ulf-Arne sin morfar ville meir enn noko anna søkje kunst- og handverksskulen i Oslo, men foreldra snakka han frå det, fordi å jobbe på jernbana gav betre pensjon. Etter mange frustrerte år i NSB, og på heimeverkstaden kvar einaste kveld, døyr han før han rekk å bli pensjonist.



konsert/dans

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.