page view image

Sousou & Maher Cissoko

Musikalsk siesta i Festsalen.

Information
event image

Vi riggar festsalen med fluktstolar, puter og matter, og inviterer deg til musikalsk siesta med den nydelege strenge-duoen frå Sverige og Senegal.


Sousou og Maher Cissoko vaks begge opp i musikarfamiliar, og møttest gjennom kjærleiken til den vestafrikanske koraen. 

Dei kombinerer smakfullt koraspel med nydeleg song, rytmisk energi og impulsar frå reggae, folk, soul og jazz. 


Len deg tilbake og drøym deg inn i musikken!


konsert/dans

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.