page view image

Seminar: de:HUMANIZE – globale stemmer, menneskeverd og ytringsrom

Ei samtale om kunst, menneskeverd og ytringsfridom i vår tid.

Information
event image

I samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum opnar seminarprogrammet Kultur for fred med ei samtale knytt til samtidskunstutstillinga de:HUMANIZE. Gjennom 30–40 verk av kunstnarar frå Afrika, Europa og Amerika løftar utstillinga fram globale perspektiv på tida vi lever i, og set menneskeverdet i sentrum for politisk og samfunnsmessig refleksjon.

Mange av verka tematiserer aktuelle spørsmål som krig og fred, utanforskap, identitet, tilhøyrsle og ytringsfridom. Utstillinga set globale erfaringar og stemmer inn i ein lokal kontekst, og inviterer til refleksjon rundt korleis kunst kan opne for innsikt, motstand og empati.

Bendik B. Egge, direktør for formidling ved Nobels Fredssenter, held eit innlegg om korleis kunst- og kulturinstitusjonar kan medverke til ei meir fredeleg verd i urolege tider. Innlegget vert etterfølgt av ein panelsamtale med Egge, museumsleiar Mayra Henriquez og kunstnar Terje Grimen.


Mayra Henriquez



kursogkonferanse