page view image

Sommarnatt på Jølst

EVENT INFORMATION
event image

Gåsehudalarm!

Endeleg skal vi igjen få nyte sommarnatta i og rundt dei fine stovene på Jølstramuseet, og oppleve tett-på-akustiske konsertar med dei finaste musikarane. Magiske musikkmøte, nett slik du har lengta etter! Her er dei du kan oppleve på museet denne kvelden:

Damir Imamovic, Anna Massie og Bruce MacGregor, Lillebo & Stubsveen, Ulla Pirttijärvi, Solfrid Molland og Indre Sunnfjord Spelemannslag.

Dette er 25 min konsertar i tre ulike stover. Sjå program på arena og facebook. Sal av mat og drikke.
Buss frå Førdehuset kl. 22.15, og retur kl. 02.00 er inkludert i billetten.

Meir om artistane:

Damir Imamovic - Bosnia-Herzegovina

Kongen av sevdah

- Musikk lækjar hjarta våre og får oss gjennom alt. Den trøystar i vanskelege tider, og utfordrar i gode. Så er det tider, som dei vi lever i no, då vi treng å lækje musikken. For å gjengjelde ei teneste til ein god ven, seier Imamovic.

Alle store musikkformer skulle ha ein meister som Damir Imamovic, seier Joe Boyd, som har produsert den siste plata til Damir Imamovic. Musikaren Huffington Post kaller ‘kongen av sevdah-musikk’, er både brilliant og karismatisk som utøvar, og ein nytenkjar som heile tida finn nye måtar å formidle den rike sevdah-historia på. Damir Imamovic løftar sevdah-musikken fram og fornyar den for framtida. I 2016 gav han også ut Sevdah i 2016 - den aller første boka som er skriven om sevdah-tradisjonen.

Imamovic har turnert i Kina, Mexico og overalt i USA og Europa, og spelt på store scener som The Kennedy Centre i Washington DC, Concertgebouw i Amsterdam, Centre Pompidou i Paris. Det er laga ein sevdah-dokumentar om han, og Damir Imamovic er svært aktiv musikklærar med sitt eige SevdahLab-program.

Damir Imamovic - vokal

TBA - bass

Derya Türkan - kemenche


Lillebo & Stubsveen - Norge

Duoen Anders Lillebo og Sigrid Stubsveen spelar folkemusikk frå Engerdal.

Plassert aust i Østerdalen, på grensa til Sverige, er Engerdal eit område med ein rik og unik folkemusikkarv. Dei karrige omgjevnadane som i hundrevis av år har prega folk sine liv i desse områda, ligg i botn for ein folkemusikktradisjon som er kjenneteikna ved drivande rytmar og rein råskap.

Engerdølane Anders og Sigrid vidarefører denne musikalske arven med stor respekt for tradisjonen. Dei presenterer Engerdalsmusikken i samspelsform på ein utilslørt måte, og viser at denne musikken er like aktuell i dag som den nokon gong har vore.

Debutplata «Engerdal» kom ut i 2021.

Artistmedlemmer:

Anders Lillebo, trekkspel, munnspel

Sigrid Stubsveen, fele


Solfrid Molland  - Norge

Med stor kjærleik til musikken 

Solfrid Molland er songar, pianist og komponist, og har gjeve ut fire album på Kirkelig Kulturverksted. Prosjekta hennar byggjer på ein djup kjærleik til og fordjuping i europeisk musikk-kultur, frå klassisk musikk til gatemusikk.

På årets Førdefestival skal Solfrid Molland ha Musikken er mitt hjemland-konsertar i tre barnehagar i Sunnfjord kommune. I tillegg er ho ein av artistane du møter i dei stemningsfulle stovene på Jølstramuseet torsdag kveld, når festivalen igjen inviterer til Sommarnatt på Jølst.

‘Musikken er mitt hjemland’

Songar og trekkspelar Solfrid Molland syns det er ekstra stas å synge for dei minste. Då Molland reiste som gatemusikar rundt i heile Europa, fekk ho lære mange fine songar av spennande menneske ho møtte. I ein av byane ho budde, lærte borna både å synge og å spele eit instrument heilt frå dei var bitte små. Om kvelden, når det byrja å bli mørkt, lagde dei som budde i landsbyen eit stort bål der alle fekk plass rundt. Her er dei stille saman, dei syng saman, og dei fortel kvarandre eventyr. No får du høyre desse songane og eventyret om korleis musikken vart heimlandet til born og vaksne i denne landsbyen - og til veldig mange andre.

‘Musikken er mitt hjemland’ er ein produksjon Molland har laga til dei minste i DKS og barnehage. 

Solfrid Molland - trekkspel, vokal


Indre Sunnfjord Spelemannslag - Norge

Sunnfjordske dansetakter og -tradisjonar

Indre Sunnfjord Spelemannslag har gjennom mange år markert seg som eit av landets aller fremste spelemannslag, og driv aktivt med konsertar og dansespel. På merittlista står ei rekkje kappleikssigrar, og laget kan dessutan skilte med eit omfattande rekrutteringsarbeid innan spel og dans. Blant medlemmene er det fleire framståande solistar og grupper som har markert seg både lokalt og internasjonalt. Slåttemusikken frå Sunnfjord er eit naturleg fokus for laget, men på repertoaret står også musikk frå resten av Vestlandet.

Indre Sunnfjord Spelemannslag vart skipa 9. februar 1969. Øvingane den første tida var på Heimyrkjeskulen på Vassenden, med Einar Bakkane frå Naustdal som musikalsk leiar. I 1973 tok Sigmund Eikås frå Jølster over som musikalsk leiar, og det har han med unntak av eitt år  vore sidan!

konsert/dans

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.