Nakibembe Xylophone Troupe

Eit av dei mest spesielle instrumenta vi har hatt på programmet
i Førdefestivalen - nokon gong!
Meir embaire til verda, er Nakibembe Xylophone Troupe sitt slagord.
Embaire er ein svær xylofon av tre, og gruppa frå Uganda er ei av svært få som spelar det heilt spesielle instrumentet.
Inntil 8 musikarar spelar på det på same tid og byggjer opp musikken frå enkle rytmar, til eit ekstatisk lydbilde av rytmar og unison song eller spørsmål-svar songar.
Embaire er nok eit av dei mest spesielle instrumenta vi har hatt på programmet i Førdefestivalen.
Vel møtt!
Meir om artisten:
NAKIBEMBE XYLOPHONE TROUPE - Meir embaire til folket
Embaire er ein stor xylofon av tre, som vert spelt på av opp til 8 musikarar på same tid. Dei vev saman ulike rytmar til poly-rytmiske melodifrasar. Det startar med enkle rytmar og byggjer musikken opp lag på lag, til den når ein slags ekstase av rytmar og unison song, eller spørsmål og svar-synging. gjerne med samstemd song, eller spørsmåll og svar-songar.
Nakibembe Xylophone Troupe frå Busoga i Uganda, er ei av svært få grupper som framleis trakterer embaire, og dei arbeider no iherdig med å spreie kunnskapen om dette spesielle instrumentet, mellom anna ved å spele på internasjonale festivalar. Sist oktober gjorde Nakibembe Xylophone Troupe stor suksess med konserten sin på den internasjonale musikkmessa Womex i Porto. Mottoet ‘meir embaire-musikk’ til verda, ser iallfall i år ut til å slå an.
Artistmedlemmer:
Don Zilla, manager
Faizo Kapado, xylofon
Nassar Kinobe, xylofon
Kusaini Tenywa, xylofon
Salifu Edhaya, xylofon
Asan Amuli, xylofon
Rashid Ngobi, xylofon
Restrictions
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.
Waiver
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.